Flott start på løpesesongen med terrengløpet på Hovet
Postet av Valle Idrottslag den 22. Apr 2026
Fantastisk at over 50 deltakarar i alle aldre stilte til start når startskotet for løpesesongen gikk i Valle.
Alle barn og unge fekk sekk sponsa av Valle kommune i premie og er klar for tursesongen☀️⛰️


Sterk prestasjon av Øyvind Bjørgum i KRSUltra 60 km
Postet av Valle Idrottslag den 19. Apr 2026

KRS Ultra 60 vart arrangert førre helg, og Øyvind Bjørgum leverte eit imponerande løp. Han sprang inn til ein solid 7. plass!
Valle IL gratulerer så mykje med ein rå prestasjon 👏
Løpsrapport:
KRS Ultra 60 km går i variert terreng, der mesteparten av løypa går på teknisk sti. I år var forholda krevjande, med vått underlag og til tider svært glatt terreng på grunn av snø.
Målet var å kome inn på under 7 timar – noko som heldt akkurat. Det gjorde det ekstra kjekt at tida også heldt til ein sterk 7. plass.
– Eg er veldig fornøgd med gjennomføringa 🙂
Valle IL sine yngste fotballspillere på cup i Grimstad
Postet av Valle Idrottslag den 11. Apr 2026
Valle IL 2018/2019 på fotball cup i Grimstad ⚽️ Ein dag fylt med spenning, mykje kampar og masse morro!
Med 3 sigrar av 5 kampar reiser kjem dei heim med god erfaring – og ikkje minst gode minner frå ein fantastisk dag i Grimstad⚽️






Image Caption
Trimpoeng har starta
Postet av Valle Idrottslag den 5. Apr 2026

Då har Trimpoeng opna. Last ned appen og registrer deg.
Det er heile 28 turmål så her bør det vere eit turmål for ein kvar smak.
Alle må registrere postane via appen Trimpoeng, det blir ikkje lagt ut bøker.
Vaksne må gå 12 turar for å vere med i trekning av gåvekort. Born 0-16 år får ein premie om dei går 8 turar.
Me bed om at de tek hensyn i område ved Ljomsnuten, Valefjell, Rolvskvil og Svorvaren når Reinsdyr kalver.
God innsats i Lag-Nm klassisk sprint på Lygna
Postet av Valle Idrottslag den 28. Mar 2026
Valle Idrottslag markerte seg godt då klubben for første gong stilte lag i NM lagsprint klassisk.
Aron Åkre Rysstad viste tydeleg at forma er god. Etter at første pulje var ferdig i prologen, hadde Valle IL beste tid etter kanon-prologen til Aron
Unge Ewan McAdam kjempa det han kunne gjennom sin etappa og fekk med seg verdifull erfaring frå meisterskapsnivå. Saman leverte dei ein solid innsats i eit sterkt startfelt.
Det heldt ikkje heilt til kvalifisering for finalane denne gongen. Likevel er det fantastisk at Valle IL for første gong stilla med eit lag.
Me er stolte og ser fram til å følge begge vidare. Etter ei sterk sesongavslutning er det ingen tvil om at Aron også kjem til å ta fatt på ny sesong.
