Birken 2026

Postet av Valle Idrottslag den 15. Mar 2026

Fleire frå Valle tok turen til Lillehammer denne helga for å gå det krevjande Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer. Løypa byr på heile 54 kilometer og rundt 1000 høgdemeter, så her må både form og vilje vere på plass.

Med regn i botnen av løypa og snø på toppane vart det ei ekstra utfordring å finne godt feste under skia. Nokre gjekk for feste, medan andre valde blanke ski – uansett ski kjempa alle seg fram over fjellet og ned til Lillehammer.

Det var kjekt å sjå så mange frå Valle på startstreken. Sterk innsats av alle – godt kjempa!

Aron Åkre Rysstad, Menn Elite, plass 70. 

Arild Aabø, Gunnar Gakkestad, Anne-Gunn Homme, Jon Homme Paulsen, Knut Erik Paulsen og Arne Homme var dei som kjempa seg over fjellet.

Resultatet finn du på: Resultat Birken


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.