Velukka løpefest med barneløp, mila og halvmaraton laurdag 20 juni
Postet av Valle Idrottslag den 21. jun 2026
Siste veka i juni er det tradisjon å lage til sentrumsfrokost i Valle sentrum der sentrumsforeininga spanderer gratis frokost og underhaldning til alle. Denne veka ei veke før grunna Landskappleik på Hovden siste helg der det vil vere travelt for mang ein valldøl og setesdøl. Valle IL har dei to siste åra også arrangera løp denne dagen. Det er gøy å kunne kombinere sosiale samankomster med løp for alle i alle aldre.
Barneløpet var først ut, deretter starta halvmaraton feltet så kom mila.
Det som var ekstra morro for oss som arrangør i år var at me har fått kontrollmålt både halvmaraton og 10 km. Så evnt rekorder som vert sett i Valle blir ståande soom offisielle resultat.
Me takker Sentrumsforeininga for godt samarbeid.
Me vil også rette ein takk til vår hovudsponsor i Valle IL og på Vallemila Valle Sparebank for at me kan dele ut flotte premiar i form av sjekk

Aron Åkre Rysstad fekk utdela stipend og gåve frå Valle IL under Sentrumsfrokosten og tok seg også oppgåva å leie Vallemila-kids run.

Valle mila 10 km, menn. 1 plass: Åsmund Wiberg (Otra IL), 2 plass Jan Tore Gjedrem (Bjerkreim IL), 3 plass Iver Kvaale Skibsrud (Bygland IL/Janus ski og løpeklubb/KBK Run Club)

Vallemila 10 km, kvinner: 1 plass: Linda Helleland (Grimstad), 2 plass: Irene Moe (Bygland IL), 3 plass Vilde Ketilsdotter Homme (Valle IL)

Valle halvmaraton: 1 plass Christopher Andersen (Søgne IL), Øystein Svaland (Lager 4-Mest Gym, Litt Golf), 3 plass: Stefan Brugger (Reinach)
Valle halvmaraton kvinner: 1 plass: Berit Syrtveit (Kristiansand S), 2 plass Deborah Grimmer, (Binningen)
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Valle Idrottslag
Løype 43 km, nokre endringar så ny gpx fil
01.08.2026
Bispevegen påmelding til marsj og buss
18.07.2026
Edvin på seriemeisterlaget Otra/Valle G16
18.06.2026
Klart for ei aktiv helg i Valle
18.06.2026
Sandvolleyballbane på Valle Stadion
12.06.2026